top of page

Performance Art Stavanger presenterer i samarbeid med Studio K ein utstilling med ein 3 dagars interaktiv performance av kunstnar Veslemøy Flotve.

 

"Det ligg mykje minner i plagga me har på oss kvar dag. Dei kan seie noko om kven me er, kor me kjem frå og kva tid me lever i. I kleda vore finst det mykje historie og minner. Lukta av bestefars jakke, fargen på den strikka genseren til norsklæraren din, den fyrste skinnjakka du kjøpte med eigne pengar.  Plagga gir eit innblikk på kva me ber på kvar dag."

 

Alt det me har bore er eit prosjekt som utforsker krafta tekstiler har til å halda på minner og vekkja historiar til live. Prosjektet starta med at kunstnaren bearbeida arva klede frå kvinnelege slektningar som ho klippa i strimler og strikka til eit stort tekstilt verk. I utstillingen på Studio K inviterer Flotve publikum til å ta del i eit rituale som utvikler seg over tre stadier. Dekonstruksjon av brukte klede, transformasjon og rekonstruksjon til noko større.

 

Du inviteres til å ta med klede du ikkje lenger har behov for, gjerne klede med eigne historiar og minner knytta til seg, og ta del i dei ulike stadia.

alt det me har bore, header.JPG

Alt det me har bore

22.04.-24.04.2022
PAShvitsvartbakgrunn.png
bottom of page